Meiningslaust

Altså.. Eg er lat, og då prioriterar eg ivertfall ikkje å skrive meiningslause innlegg her. :) Men når eg først gjer det, kan eg vel like godt oppdatere meg sjølv på kva eg har gjort i det siste, ettersom sånt lett går inn det eine øyre og ut igjen det andre. Eller rett og slett ikkje går inn i det heiletatt. Hurra! Eg rangerar etter sensasjonalitet (er det eitt ord...?):

1. Den 28.01.10 vart vegane offisielt enda meir utrygge enn kva dei alt er. For endeleg var lappen i boks! Veldig greitt igrunn, ganske godt å kunne forflytte meg fra A til B utan å måtte tvinge folk til å køyre meg (det kjem eg likevel til å savne litt!). Syns likevel det er utruleg merkeleg å vere heilt hundre prosent sjølvstendig, men det er ein vanesak.

2. Eg har lurt meg ut på fylla igjen! Akkurat ein månad sidan sist. Sjølvsagt endte det med at eg sov i staden, som vanleg. Woho!

3. Eg har ikkje vore sjuk sidan nøyaktig 15. januar (med mitt inkompetente immunforsvar, er dette faktisk ganske bra)

4. Har dessverre blitt avhengig av The Hills og Vampire Dairies...

Okei, dette var faktisk meir meiningslaust enn det pleier å vere, men brukar unnskyldningen at eg har andre ting å gjere - som eg likevel ikkje kjem til å gjere. Så.. Ja...
bloglovin

Nobody can be exactly like me. Sometimes even I have trouble doing it.

For øyeblikket sit eg på den gamle PC'en min (som no er blitt mamma sin eigendom), fordi min fantastiske mac er på reperasjon etter at worst case scenario skjedde på fredag: skjermen sprakk! KRISE! Sjølv om eg har store planar om å kjøpe ny innan nokre månader, er det utruleg, utruleg kjipt at gullungen min er sjuk, og kanskje umogeleg å reparere i tillegg... Men eg håpar på det beste og eg har alt gått inn i ventemodus med PC som ein dårleg erstatning for sikkert nokre veker. Lurar på kor lang tid det tek før eg er så sur at eg kastar dette treige dyret ut glaset. Fyfaen, eg hatar PC!!!!!! 

I tillegg hjelper det ikkje spesielt mykje på humøret at immunforsvaret mitt forlatt denne verden (for godt føles det nesten ut som...) igjen, og eg er blitt, tadaaa, sjuk! Er rimeleg lei av snørr, hosting, nysing og rennande zombie-auger. Føler mest for å gå å legge meg akkurat no, men ettersom eg sov frå 16 til 19.30 (må jo få med seg Cæsar, kan skjønne!) ista, trur eg at eg ventar litt... Satsar på å drukne meg i te med honning og norsklesing til prøve i morgon. :)

Og sånn berre heilt til slutt: sjååå så søtee! Vurderar tanken på å vurdere ny dverghamster snart. Kanskje.


(Trykk på bildene for å komme til kjeldene.)
bloglovin

Time sneaks up on you like a windshield on a bug

Nytt år, nye mogelegheiter. Og så var jula på ordenteleg ferdig og pakka vekk for denne gong (eller eigentleg ikkje.... All julepynten står faktisk enda...). Det vil med andre ord seie at skulen har igjen sett sine spor med heime-tentamen i mediefag denne veka, fra tirsdag til i dag... Var heldig med oppgåva (og karakteren), marknadskommunikasjon er hundre gonger bedre enn journalistikk! Har likevel vore ein bra og roleg start på dette semesteret med gårsdagen fri (fordi eg blei ferdig med oppgåva tirsdag), og fri fra 10.30. Jeei! Derfor har eg brukt min tid på TV´en, gått tur (FLINK!!) og:



Super Mario Wii! Riktig nok slo eg av heile helveteskapet etter å ha fått game-over 2 gonger på under 10 minutt. Eg blir ivertfall ikkje sur.



Okei, så har eg har kanskje ikkje brukt så mykje tid på dette pepperkakehuset desse dagane - det blei brukt nok tid på å lage det!. Men eg har fundert over om eg skal knuse det eller la det stå. Veit ikkje heilt kva som er best: knuse og ete huset med dårleg samvittigheit der eg og kjærasten brukte 2 timar å teikne, og sikkert 4 timar på å lage, eller la det stå, bli ekkelt og kaste det til slutt.



Og så har vore enda litt meir flink! Ettersom eg framkalte rundt 150 bilder i haust, fann eg ut at eg også skal lage ein scrapbook og hive inn nokre av bildene. Så det er det eg skal fortsette med i kveld. Moro (enn så lenge)!

(Også ville eg berre skrive at eg er lei av alt det negative maset om at det er så forbanna, jævla kaldt. Det er bedre å ha det iskaldt slik vintrane skal vere, i staden for slaps og drit som det pleier å vere.. JA!)
bloglovin

29.des.2009

Veldig trist at desember - og med andre ord ferien - snart er over. Riktig nok er det igjen ei veke, men det går så fort det føles som om den alt er ferdig. Har lite lyst å starte ein ny runde med skule, for å seie det slik! Uuansett har ferien til no vore veldig perfekt med snø, filmar, min aller kjæraste, fine julegåver (har spelt ulovleg mykje Super Mario) og massemassemasse avslapping. Og i motsetning til andre som har brukt ferien til å hive innpå alkoholholdig drikke, har eg kun gjort dette èin gong. Og ettersom ein gong held for meg i månader, fristar det lite å starte på nytt i kveld. Sjølv om eg ser veldig lite fram til å ligge halvdød i ein stol i heile morgon, blir det sikkert ein bra kveld i kveld. Wish me luck tomorrow!


Elskar å legge ut bilder av meg sjølv!
bloglovin

happy x-mas


God jul alle saman! :)
bloglovin

I have not lost my mind - it's backed up on disk somewhere

Eg er veldig klar for ferie no! Har riktig nok vore heime i dag - er ikkje heilt i form (men kunne heilt sikkert ha vore på skulen for det..), så har tilbragt nokre timar no med Super Mario på Game-Boy (trur det kan kallast avhengigheit, er eg redd), rapportskriving og Nobelfredprisen på NRK. Er pittelitt lei av Obama-hysteriet akkurat no. Og det einaste eg har klart å fokusere på er Torbjørn Jagland sin ekstremt dårlige engelskuttale og Obama sine øyrer...
Uansett; no tenkte eg å lese meir til den utruuleg koselege historieprøven på måndag (jeeiii...). Ettersom køyretimane mine gjer at eg går glipp av ein del timar, er det innmari koseleg å måtte jobbe ekstra hardt med leksene. Heldigvis er det ikkje så lenge til eg er ferdig med hverken historieprøven eller køyretimane. Likevel syns eg det er litt skremmande med tanken på meg sjølv aleine på vegane. Det føles ikkje heilt trygt enda. :D:D

imgspheremint

Ellers har eg slått kloa i ein slik, EOS Sweet Mint. Klarar ikkje heilt å bestemme meg for kva eg syns om den enda. Elskar formen og konsistensen, men veit ikkje heilt kva eg syns om smaken som ein uansett får i munnen sjølv om ein ikkje sleiker eller et (....) på den. Men det er uansett bedre enn H&M sine lipglossar til 20,- som fungerar som lim. Hurra til økologisk!

True Blood

I går og i dag har eg brukt tiden min på:

928cbf3c2817435d86c7ad4b7f3a18fd


"Fann" serien tilfeldig på NRK3(?) for ei veke sidan. Uheldigvis var den midt inni sesong 1, og eg er av den typen som sjå første episode først, derfor hadde eg ganke enkelt ikkje noko anna valg enn å berre bestille den. Og for å gjere ein lang beskrivelse kort: den er fantastisk! Eg likte Twilight, men dette er derimot litt mindre klisjè, og litt meir for vaksne. Tvilar sterkt på at alle sexscenene (for det er ein heil del av dei...) er berekna på mindreårige. Og Bill Compton er berre litt for deilig!

billc


No vart det nok fjortisnykker. Men eg kjem nok uansett til å sjå nokre episodar til i kveld før eg blir fornøgd. Hurra. :)
bloglovin

Blablasæremne

For tiden har eg faktisk (FAKTISK!) så mykje å gjere at eg ikkje eingang gidd å tenke på å skrive usaklege innlegg her. Og eg er veeldig klar over at det stort sett 90 % av det eg skriv gjeld akkurat lekser, men så er det også det som dessverre opptekk mykje av tida mi. Eg var utruleg nok klar for eit skuleår med litt meir å gjere enn dei to forrige åra på vidaregåande, men det er jo med måte. Er heldigvis ferdig med eit stort mediaprosjekt ei halv veke før innleveringsfrist! Det er ikkje likt meg å vere så tidleg ute. Men det betyr jo likevel ikkje at eg ligg spesielt godt an med særemneframføringa på mandag. Ops. Kjem ikkje til å få gjort mykje i helga pga tettpakka skjema (det er ikkje ofte! :p)

Derfor skal eg sitte heile kvelden (vertfall store delar av den) å drive med nemleg særemne.. Kan ikkje sei det fristar så utruleg, men det er vel det som må til for å redde norskkarakteren... Og då skulle eg med andre ord ikkje ha skrive dette innlegget no.

Berre for å understreke det, så kjem eg til å bli sjåande slik ut fram til eg legger meg i kveld. Enjoy!

bilde 425
Å så søt!
bloglovin

Møt Sushi

Som vanleg skulle eg ha gjort lekser i dette øyeblikk. Ein heil del faktisk. Likevel sit eg her... Eg har prøvd å komme i gang sidan klokka var 14.00 i dag, men det ser foreløpig svart ut - likevel må eg faktisk gjere noko i kveld, for å unngå å havne altfor langt bak skjema. Ååh, eg blir så lei! Men heldigvis er dette ein veldig gledens dag uansett, ettersom eg har fått ein veldig, veldig, veldig god nyheit som meir eller mindre, og nesten bokstaveleg talt, letta eit heilt år frå skuldrane mine. Hurra!

Uuuansett for å gå over til noko heilt anna: etter å ha leitt tilbake i arkivet, skreiv eg tydlegvis den 12. august at det var på høg tid å komme i boks med bilteorien. Likevel skulle det tydlegvis ta fleire månader med latskap før eg gadd å gjere noko (og i tillegg bestå prøven). Var såpass overraska over "gratulerar, du har bestått!" på pc-skjermen at eg ei stund var overbevist om at det måtte ha vore ein feil i systemet. Godt at ein har tru på seg sjølv! Men no er heldigvis vegen til lappen og meir mobilitet ikkje så lang, ettersom eg også har byrja køyretimane og overraskande nok ikkje har drepe eller køyrt ned nokon. Faktisk går det ganske bra. :) Gledar meg til å bli over 20 000,- fattigare!

Eg har også gått til anskaffelse av ein litt småkjedeleg erstatning (neida, det er ikkje det) av Malvin, nemleg denne karen:

dsc01062

Ein veldig fotosky og småhissig kampfisk med det foreløpige namnet Sushi. Har litt dårleg samvittigheit for at han har relativt liten plass å boltre (kan ein sei det?) seg på, så vurderar ein større bolle. Eller ein bolle i det heile tatt - dette her er berra ein firkanta, liten og minimalistisk plastikkboks med bittelite sand. I det minste har eg flytta han ut frå rommet mitt der det meir eller mindre er minusgrader. No slepp han å fryse fast!


Og no SKAL eg gjere lekser!
bloglovin

E.L.F-omtale

No skal eg vere FLINK! Eit par stk har spurt om eg kunne skrive kva eg syns om ELF-sminken eg kjøpte for nokre veker sidan. Det er igrunn litt delte meiningar om den, og eg veit ikkje om eg skal/skal ikkje kjøpe meir av den... Anyhoe:


7106full
Due Eye Shadow Cream i fargane Black Licorice har eg berre prøvd 2 (trur eg?) gonger, men etter førsteinntrykket å dømme, anbefalar eg den uansett ikkje. Den kakar seg og det går ikkje an å få den til å ligge slik eg vil den skal. Dessuten viser nesten ikkje fargen, og det lille som likevel synes, forsvinn etter ca 30 min.

3101
All Over Cover Stick i fargen Pink Lemonade (som er ein del mørkare enn på bildet) har gjort at eg meir eller mindre har kutta ut den vanlege (og "fantastisk gode" H&M) blushen min. Syns den er overraskande bra, gjev ein naturleg fin farge, varer lenge og èr faktisk ganske fin å bruke til leppene også. Har ikkje prøvd den som øyenskygge, og trur ikkje det kjem til å skje heller. Rosa øyenskygge er lite flatterande...


E.L.F Nail Polish i fargen Moonlight er liitt meir sølvfarga enn på bildet, viss eg ikkje tek heilt feil... Eg brukar eigentleg ganske sjeldan neglelakk, av den enkle grunn at den ser for jævlig ut etter 5 min. Denne var faktisk ganske bra, fargen er fin og den held faktisk uten å flasse etter 10 min. Hurra!


Blending Eye Brush er riktig nok den einaste blendekosten eg har prøvd, så eg kan ikkje akkurat uttale meg slik som "ekspertane" om den er bra eller dårlig. Men den fungerar vertfall slik eg vil ha den. Anbefalar!


Defining Eye Brush har eg faktisk ikkje eingong prøvd... Omtalen verkar i det minste bra: "Velvety bristles line eyes, fill in eyelids, and define thin or sparse brows. All e.l.f. professional makeup brushes have been designed and tested by professional makeup artist Scott Vincent Borba. Each brush has been ergonomically designed to fit perfectly into your hand and facilitate a flawless finish with every application."


Natural Radiance Blusher har eg i fargen Shy. Likevel trur eg ein kan velge akkurat kva slags farge ein vil, og uansett kjem den ikkje til å vise. For nei, den viser fatisk litt på huden ein gong. Og då forvsinn jo eigentleg heile poenget. Dessutan brukte eg ein evigheit på å få den opp, her var det ikkje berre til å vippe opp lokket, etter 10 min med hjelp frå både mamma og pappa fann me ut at den skulle skyvast ut. Og berre for toppe kransekaka: boksen er ikkje meir enn ca 5 cm stor. I´m not kidding.

2008
Brightening Eye Color (Ivy) har fiiine fargar, om enn kanskje litt svake. Ein må ha på gaanske masse for at det skal bli vist godt. Dessutan forsvinn dei (sjølv med underlag) rimeleg fort. Har litt blanda følelsar for denne med andre ord...

concealer
Tone Correcting Concealer (Fair) veit eg ikkje heilt kva eg syns om. I konsistens er den ganske rennande, noko som fungerar heilt ok. Fargen derimot, er eg litt usikker på, Fair er den som på bildet såg mest lik min hudfarge, men det er likevel noko rart med den eg ikkje heilt klarar å sette fingeren på. Likevel dekker den ganske godt. Det er ikkje den beste concealaren eg har prøvd, men heller ikkje den verste.


Candy Sop Lip Tins (Berry Pop) fekk eg litt.. barneskule-feeling av. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det kan godt hende det var pga lillafargen med det fargerike glitteret i. Smaken, fargen og konsistensen var derimot ganske bra.


Hypershine Lip Gloss (Flirt), konsistensen først var akkurat slik eg ikkje likar når det gjeld lip glossar: klissete! Heldigvis forsvann det ganske fort, og den "forvandla" seg til å bli ganske så god. Hurra!


Clarifying Pressed Powder (Tone 2 ... trur eg). Har ikkje prøvd denne så mykje, av den enkle grunn at den er kanskje pitteliitt for mørk. På fest er den derimot bra (trur eg...)!

25062505
Custom Eyes (Mocha og Golden Glow), fargane er faktisk såpass like at det nesten er vanskeleg å sjå forskjell på dei. Har ikkje prøvd dei noko særleg, men til no er det dei som fargane har vart lengst. Litt smådumt at ein må kjøpe "oppbevaringsboks" til dei - ellers blir dei berre liggande å flyte rundt.


Fyfader, dette blei langt!
bloglovin
Les mer i arkivet » Februar 2010 » Januar 2010 » Desember 2009
hits